Hopp til hovedinnhold
Plakat for 20 ans d'écart (2013)

20 ans d'écart

Film
3

Franske filmar, spesielt komediar, har eg sansen for. Dei er gjerne meir realistiske i uttrykket og jordnære, men har likevel ein lite framand kultur. Fransk etikette set sit preg på mange av filmane eg har sett.

20 ans d'écart betyr noko sånt som 20 år i aldersskilnad, men har den engelske tittelen It Boy. Tittel til side, så handlar det om ei 38 år gammal dame som skal bevise for sjefen sin at ho har like mykje liv i seg som dei yngste kollegaane sine. Alice (Virginie Efira) som ho heiter, tar styringa ved byrje å gå på stemnemøte og ta med 20 år gamle Balthazar (Pierre Niney). Dei møttest tilfeldig då Alice gløymde igjen ei minnebrikke på eit fly, og rett tid og stad og sånn, og så vidare.

20 ans d'écart er ein artig sak, men stikk ikkje særleg djupt. Veksande kjensler er obligatorisk, og alderen blir opplagt eit hinder i løpet av filmen.

Eg synest likevel det var ein fin film, og fekk sansen for Virginie Efira og Pierre Niney, og synest dei hadde ein fin kjemi som passa godt. Blant romantiske komediar så får denne det godkjente plusset, då han ikkje var som eit glansbilde, men blandar inn reelle problemstillingar på lett vis i ei elles streit oppbygd historie.

Samspelet mellom Virginie Efira og Pierre Niney er også avgjerande på Silence… Action ! (silence-action.com). Omtalen meiner dei gir ei svært klassisk historie både humor og varme, utan at filmen blir søtladen eller moraliserande. Det er mykje av det eg likar med denne. Problemstillinga får vere til stades, men blir ikkje så tung at ho tek livet av den lette romantiske komedien.