Hopp til hovedinnhold
Plakat for 20 Million Miles to Earth (1957)

20 Million Miles to Earth

Film
3

Monster er frå Venus, menn frå USA.

Eit romskip hamnar i havet utanfor Sicilia, trass storleiken skapar det ingen farefulle bølger for dei nærliggande fiskebåtane. Dei om bord i den eine båten klarer på mirakuløst vis å hente ut eit par overlevande gjennom eit hol forårsaka av ein meteoritt, som har openberra seg på havnivå. Romskipet viser seg å vere ei amerikansk oppfinning og har akkurat komme seg tilbake frå ein hemmeleg ekspedisjon til Venus. Med seg har dei levande liv frå Venus til å forske på. Forskingsobjektet vekst drastisk og rømmar, eit monster er laust!

Morosam film, kult monster i punktfotografering, litt enkel, men på ein god måte. Artig at dei involverte har eit svar på alt og alltid i seinaste laget.

Det er monsteret som får mest liv også i omtalen på Acrentropy (acrentropy.blogspot.com). Skribenten trekker fram korleis Ray Harryhausen gir skapningen ein personlegdom som ein fortapt og forvirra gjest i ei framand verd. Det seier noko om kva punktfotograferinga kan tilføre, utover sjølve trikset. Eg synest framleis filmen blir litt einsformig, men monsteret har meir særpreg enn den enkle handlinga rundt det.

Filmen byr aldri på utfordringar og blir litt einsformig i lengda, det er nok grunnen til at dette aldri fall skikkeleg godt i smak her.