
2001: A Space Odyssey
Sjølv om eg synast at 2001: A Space Odyssey er ein flott film, nesten som eit kunstverk, så kan eg ikkje unngå bli prega av keisemd.
Filmen er to og ein halv time lang. På denne tida er det minimalt med snakking og eit par uuthaldelege sekvensar. Eg kan klart nemne det psykedeliske fyrverkeriet av fargar og slutten som stader kor eg ønska å slå av filmen.
Tematikken i filmen er derimot god og interessant, og dei meir handfaste innslaga har god framdrift og gode poeng. Så når eg ser meg villig til å vurdere filmen i delar kjem dei sterke sidene fram.
Eg har sett filmen to gonger til no, og hadde omtrent same oppleving begge gongene. Det kjedelege blei litt meir kjedeleg, men det er feil å avfeie opplevingane som berre kjedelege. For filmen har flotte visuelle innslag og gode poeng.
Toby Saunders på Toby Saunders’ Rad Reviews (tobysaunders.wordpress.com) meiner òg nokre av dei lange sekvensane varer for lenge, sjølv om han reknar filmen som eit meisterverk. Han skil mellom det kliniske mellompartiet og den meir urovekkande avslutninga med HAL. Det støttar tanken min om å vurdere filmen i delar. Me kan sjå mykje av den same skjønnheita og merke noko av den same keisemda, men likevel legge ulik vekt på kva som tel mest til slutt.
2001: A Space Odyssey skil seg ut som noko annleis enn alt anna eg har sett. Dette er i god nok grunn til å sjå filmen. Ein annan tanke som slår meg på tampen er den, at skulle eg berre kunne sjå filmar av ein regissør i mitt liv, hadde Stanley Kubrick vore ein sterk kandidat. Hans filmar varierer stort, og er alle gode på sin måte. Berre ikkje like gode.
