Ni år etter hendingane på Discovery i 2001: A Space Odyssey, sender russarane opp eit nytt romskip for å finna ut kva som skjedde. Med hjelp frå amerikanske forskarar for å reaktivera Discovery og HAL-9000, i ei tid der USA og Sovjetunionen står på kanten av krig, prøver dei å få svar på kva monolitten er, og opplever ein del mystiske hendingar.
2010 er ein oppfølgjar, men han er ganske ulik 2001: A Space Odyssey. Han er framleis ein vakker film, men ikkje eit kunstverk på same nivå, det er mykje meir vektlegging av dialogar, og forholdet mellom USA og Sovjetunionen kjem tydeleg fram i besetninga på romskipet som blir sendt mot Jupiter. Han har likevel klart å verna mysteriet godt, og er ikkje noko realistisk film for alt det menneske veit per i dag.
Stanley Kubrick har ikkje hatt noko med filmen å gjera, og var i mot at ein oppfølgjar skulle bli laga. Etter 2001: A Space Odyssey var laga fekk han øydelagt alle modellane frå filmen så dei ikkje skulle bli brukt om igjen. Regissør for 2010 er Peter Hyams, og han står også bak manuskriptet. Filmen er på lik linje med 2001: A Space Odyssey basert på ein roman av Arthur C. Clarke.
Litt lang er filmen, vel to timar, men heldigvis ikkje så lang som 2001: A Space Odyssey. Eg trur aldri eg hadde klart å starta med han om han var så lang. Sist eg prøvde meg på denne kom eg vel ein halvtime ut i filmen før eg gav opp. Det er heller ikkje ein film eg kunne tenka meg å sjå opp igjen.