
2012
Maya-kalenderen skal ha det til at verda går under i 2012. Emmerich sitt forsøk på å gjere film av dette, er til dei gradene utført på så klovna vis at alle skeptikarar må ha ledd seg ihel før dei rekk å bli redde.
2012 trengde ikkje vera så god for å fungere. Gamle filmar som When Worlds Collide har drygare handling, men 2012 er så overausa med unødvendige klisjear, detaljar, og sirkus av spesialeffektar. Både film og budsjett ville ha godt av ei oppreinsking av manusskriptet. Lik han, den som vil, men 2012 er blotta for alt anna enn ufrivillig komedie.
Katastrofane blir betre underhaldning for Scott Mendelson på Mendelson’s Memos (scottalanmendelson.blogspot.com). Han finn særleg glede i skodespelarane, men meiner også at dei mange fluktene gir ei falsk spenning og tek merksemda frå den store katastrofen. Den siste innvendinga er lett å følge. Der han likevel finn ein brukbar sjangerfilm, blir eg sittande med klisjeane og eit effektshow som aldri gjer nok anna enn å overdrive.
