
2081
Kortfilmen 2081 tek opp eit interessant poeng. Handlinga er sett til ei dystopisk fortid, år 2081, og alle menneske blir tvinga til å vere like.
Dette er ei biletleggering av det store ønske politikarar i dag har om å få oss inn i eit egalitært samfunn. Poenget blir framheva i 2081s handling ved at dei som er betre enn andre på noko vis, mellom anna må feste innretningar på kroppen for å redusere emna til å røre seg eller til å sjå.
Egalitarisme er ein grufull tanke og direkte vondskap.
Skribenten på Confessions of a Christian Freak (unclenecro.wordpress.com) ser også filmen som ei åtvaring mot tvungen likskap. Han omtalar likevel sjølve likskapsidealet som edelt, og legg kritikken til den ekstreme gjennomføringa. Det er ei meir avgrensa innvending enn mi. Filmen gjer poenget sitt konkret ved å la menneske bli tyngde ned for det dei er gode til, i staden for at desse evnene får komme til uttrykk.
