21 & Over - Filmdagbok

21 & Over 2013

21 & Over pakkar ei enkel og dum historie om festing inn som ein tilsynelatande grei film.

Det er ein 21-årsdag som skal feirast, dagen før eit viktig jobbintervju. Kvelden og natta tar av, og heltane våre møter hinder i å komma til hektene før neste morgon er der.

21 & Over gjer ikkje noko nytt. Det er lite som utmerker seg. Det er verken ein ekstrem film, eller ein spesielt morosam eller på noko vis god med tanke på det romantiske innhaldet.

Men det er greitt. Det middelmåtige nivået svarte til dei låge forventningane mine. Filmen har eit kurant driv og blir vel heller aldri kjedeleg. Men minneverdig blir nok filmen aldri.