Sandra Bullock speler ei kvinne som har problem med stort alkoholinntak. Ho meiner sjølv at dette ikkje er noko problem. Men etter ei ulykke får ho valet mellom ein avrusingsklinikk eller fengsel, og ho vel det første.
Noko motvillig i starten må ho sjølvsagt vera. Like sjølvsagt som at ho gradvis endrar meining og tar til seg det ho lærer på avrusingsklinikken, og tar i mot hjelp.
For 28 Days er ikkje ein film som utfordrar. Alt går på skinner, alle bølgetoppar og bølgedalar. Det er for så vidt greitt, men det blir også litt kjedeleg i lengda. Sandra Bullock var grunnen til at eg såg denne, og er grunnen til å rå andre til å sjå han.