28 Days Later - Filmdagbok

28 Days Later 2002

Eg har ein fascinasjon for tomme byar. Eller kanskje tomme område generelt, der det eigentleg er meint å vera menneske, men altså er heilt stille. Det har noko med at mangelen på liv får meg til å sjå det som det eigentleg er. Forlatne område har ei historie bak seg om korleis ting vart slik.

Det var nettopp dette som gjorde at eg fatta interesse for 28 Days Later…, der ein ung herremann ved namn Jim (Cillian Murphy) vaknar opp til eit folketomt London. Vel, heilt folketomt er det ikkje, omkring lurer det menneske infisert av eit virus, og dei er veldig klar til å drepe.

Når eg seier at Jim snart møter på eit par andre, som han saman med må prøva å overleva med, så høyrest det kanskje kjent ut. Tilgangen til zombiefilmar med ein lik hovudtråd er langt i frå liten. Erfaringa mi er derimot at det er få som skil seg ut som veldig gode.

Det som gjer at 28 Days Later… skil seg ut, er eg ikkje hundre prosent sikker på. Men at den ikkje berre handlar om å slakta levande døde er ein grunn. At han er skiten framfor glattpolert er ein annan. Musikken er blant det betre eg har høyrt i det siste. Filmen er britisk, og humor i britisk film verker meir jordnært. Rollefigurane er ikkje berre rollefigurar, men òg menneske, fleksible i historia såleis.

Så er eg tilbake til det folketomme England. Kvar nye scene i stor skala, utan teikn til liv, ser bra ut. Og dei lar tankane vandre på ein måte så eg blir ekstra glad i filmen eg ser.