Hopp til hovedinnhold
Plakat for 28 Weeks Later (2007)

28 Weeks Later

Film
3

Verken Danny Boyle eller Cillian Murphy, regissør og hovudrolle frå 28 Days Later er på plass, men historia om Storbritannia infisert av eit virus lever vidare.

Oppfølgaren til suksessen frå 2002 handlar om ei gradvis oppbygging av London, med kontrollert tilflytting av tidlegare flyktningar. Militære har rimeleg god kontroll fram til det dummaste menneske i verda kjem og øydelegg alt.

Eg har ikkje noko i mot menneske som feilar, det er jo ein del av det å vere menneske. Men menneske som bevisst går i mot all logikk og set tusenvis, etter kvart fleire, i fare, fordi dei har sterke kjensler for eit medmenneske, det er berre irriterande.

Heldigvis er ikkje dette anna enn grunnlaget for 28 Weeks Later. Sjølv om det burde ha vore katastrofalt nok. Men med musikken adoptert frå førre film i ei av dei meste brutale massemordscenene sett på ei stund, gir filmen eit solid dytt i ryggen. I ein film som kunne ha vorte så mykje meir, men renn vekk i at alt skal vere så grotesk og dumt.

Eg har ikkje misforstått filmen, og skjønnar at han sikkert skal vere som han er. Men 28 Weeks Later hamnar blant så mange andre zombiefilmar som 28 Days Later klarte å skilje seg i frå. Om eg ikkje har overvurdert sistnemnde? Alt druknar her i hysteri, grafsing, skriking og soldatar som er glad i å skyte.

Skribenten General Disdain på The Critical Movie Critics (thecriticalcritics.com) er langt meir begeistra. Omtalen rosar kombinasjonen av sorg og skuld i starten, før filmen går over i ei desperat flukt. Også måten kaoset blir filma på, blir trekt fram som ei styrke. Det er mykje av det same uttrykket som slit på meg. Intensiteten veg ikkje opp for dei dumme vala og alt hysteriet.