Verken Danny Boyle eller Cillian Murphy, regissør og hovudrolle frå 28 Days Later… er på plass, men historia om Storbritannia infisert av eit virus lev vidare.
Oppfølgjaren til suksessen frå 2002 handlar om ei gradvis oppbygging av London, med kontrollert tilflytting av tidlegare flyktningar. Militære har rimeleg god kontroll fram til det dummaste menneske i verda kjem og øydelegg alt.
Eg har ikkje noko i mot menneske som feilar, det er jo ein del av det å vera menneske. Men menneske som bevisst går i mot all logikk og set tusenvis, etter kvart fleire, i fare, fordi dei har sterke kjensler for eit medmenneske, det er berre irriterande.
Heldigvis er ikkje dette anna enn grunnlaget for 28 Weeks Later. Sjølv om det burde ha vore katastrofalt nok. Men med musikken adoptert frå førre film i ei av dei meste brutale massemordscenene sett på ei stund, gir filmen eit solid dytt i ryggen. I ein film som kunne ha vorte så mykje meir, men renn vekk i at alt skal vera så grotesk og dum.
Eg har ikkje misforstått filmen, og skjønnar at han sikkert skal vere som han er. Men 28 Weeks Later hamnar blant så mange andre zombiefilmar som 28 Days Later… klarte å skilje seg i frå. Om eg ikkje har overvurdert sistnemnte? Alt druknar her i hysteri, grafsing, skriking og soldatar som er glad i å skyte.