
3 Godfathers
I 3 Godfathers skal tre menn rane ein bank, for så å flykte over grensa til Mexico. Men ting skjer ikkje som planlagt etter ranet, og dei kjem fort i ein situasjonen kor dei manglar vatn.
Filmen omhandlar overleving for dei tre mennene som har ein marshall med hjelparar i ryggen. Historia utviklar seg også vidare med andre hendingar undervegs, men eg tenker å unnlate å skrive meir her. Det er så få store linjer å oppsummere, at det vil øydelegge eventuell glede i å oppdage det sjølv om du ser filmen.
3 Godfathers er ein film av John Ford med John Wayne i hovudrolla, men er verken den beste filmen til den eine eller andre. Det betyr ikkje at filmen er utan kvalitetar. Han er god på å formidle ein tilsynelatande håplaus situasjon med akkurat nok glimt av håp og humor til at det gir preg av ein hovudstraumsfilm framfor å vere dyster realisme.
Dei ulike tonane blir også trekte fram av Holiday Film Reviews (holidayfilmreviews.blogspot.com). J.A. Morris finn ei underhaldande blanding av action, drama og varme, men meiner avslutninga blir litt for enkel. Eg kjenner særleg att blandinga som held historia frå å bli reint dyster. Alvoret får rom utan at filmen slepper taket i håpet.
