Hopp til hovedinnhold
Plakat for 30 Days of Night (2007)

30 Days of Night

Film
4

David Slade som stod bak den skremmande og temafokuserte Hard Candy har fått æra av å leie Josh Hartnett inn i det som er endå ein skremmande film, på ein litt annan måte.

Denne mindre koselege historia tar plass i ein by i Alaska. Barrow er ein av dei nordlegaste byane i verda med meir enn 2000 innbyggarar. 30 Days of Night byrjar her i starten av mørketida, då byen har tretti dagar utan sol framfor seg. Flesteparten av befolkninga har reist sørover for månaden og eit mindretal er igjen.

Like før sola forsvinn eksploderer tala på vandalisme og sheriff Eben Oleson (Josh Hartnett) får ein liten forsmak på tida som kjem. Snart kryr byen av blodtørste vampyrmutantar.

30 Days of Night kunne fort ha feila, han ligg faretruande nær gotisk inspirerte vampyrfilmar med mykje blod, tøffe vampyrar og dumme menneske. Men så klarer han likevel å halde seg på den rette sida. Dei fleste som er i ferd med å avsløre gøymestadane i løpet av filmen kjem fort til fornufta igjen, få er ute etter å vise seg som heltar og så vidare. Det vil ikkje seie filmen er perfekt, det er småting innimellom som gjer at dette aldri vil bli ein toppfilm. Eg ser ingen grunn til å trekke fram desse sidene her, men let det vera nemnt.

Eg set pris på at blodet og snøen går så godt saman, og at snøen verkar kald. Det er nok til at eg får noko ut av dette ganske direkte møtet mellom menneske og vampyrar. At vampyrane er skodespelarar med sminke framfor å vere dataanimerte. Og at nok av søkelyset er på den håplause situasjonen til å kunne godta mengdene med blod som tar plass.

Den håplause situasjonen verkar ikkje like sterkt på MaryAnn Johanson på FlickFilosopher (flickfilosopher.com). Ho likar ideen, men meiner filmen manglar kjensla av å vere avskoren frå omverda, og at figurane blir for flate til å vekke medkjensle. Eg får meir ut av gjennomføringa. Kulda, snøen og søkelyset på menneska som prøver å halde seg i live, gir meg nok å halde fast i, sjølv om dette aldri blir nokon toppfilm.

Foto er gjort med sansen for detaljar og hevar inntrykket eit hakk åleine. Det kan godt henda dette er tungt inspirert av stilen til teikneserien som filmen er basert på. I blant hentar filmen utsnitt frå teikneserieruter, men preget av å vere ein adapsjon er ikkje gjennomsyra i negativ eller upassande forstand heller.