
3:10 to Yuma
Ein sømeleg western. Ikkje best, det er altfor mange avvik i handlinga, spesielt slutten. Men filmen er rimeleg underhaldande likevel.
Det er den konstante kampen, moralsk og mentalt, mellom den lovlause Ben Wade (Glenn Ford) og fangaren hans Dan Evans (Van Heflin) som gjer denne filmen interessant. Så mange høve for Evans til å gjere noko anna, noko uetisk, men vil han gripe moglegheita?
Det er spesielt skodespelet til Glenn Ford, men òg Van Heflin, som gjer denne filmen god å sjå.
Glenn Ford får særleg ros av Drew Martin på Drew Martin Writes (drewmartinwrites.wordpress.com). Han finn den smidige og utspekulerte banditten langt meir interessant enn resten av filmen, som han meiner dreg ut og endar for søtt. Eg er meir nøgd med underhaldninga og samspelet med Van Heflin. Men me er samde om at Glenn Ford løftar filmen, og at avslutninga ikkje er det sterkaste ved han.
