Eg var litt skeptisk til filmen når eg så namnet på den, og hadde tenkt meg at dette var enda ein av dei dårlege romantiske komediane som ville bli sett og gløymt. Talet 50 frå tittelen har i grunn ikkje så mykje med filmen å gjere. Eg har mistankar om at folka som gav ut filmen innsåg dette, og gav han tittelen How To Lose Your Lover. Denne tittelen gav meg også frysningar, og gir meg inntrykk av at dei skulle servere meg ein typisk middelmåtig pissfilm frå Hollywood. Men How To Lose Your Lover er noko anna.
For å komme i gang, me følger Owen, ein alkoholisert forfattar som sørga over å ha blitt dumpa av den førre dama si. Men Owen er ikkje den typiske alkoholiserte forfattaren du ofte snublar over på film, han har sine problem, men han fungerer likevel som person. Og du får aldri inntrykk av at det er alkoholen som øydelegg for han. Han er lei av Los Angeles og å produsere falske autobiografiar som har som formål å håve inn pengar. Han planlegg difor å reise tilbake til austkysten etter å ha vore sju år på vestkysten. Men på flyplassen treff han ei ny dame, som kjem til å spele ei større rolle i livet hans.
Her er det punktet i filmen der den typiske kjærleikshistoria ender, og i scene etter scene blir eg overraska over vala som blir tatt, og kva retning filmen tek. Nokon klisjear er det her og der, det er jo framleis ein romantisk komedie, så det er uunngåeleg, men dei er ikkje dei mest tydelege klisjeane.
Owen tar aldri flyet, og endar opp tilbake i Los Angeles, der han prøver å finne ut om dama han traff på flyplassen er verdt å danne eit seriøst forhold med. Og det er her tittelen kjem inn. Han finn på heller ekstreme metodar for å prøve å få ho til å dumpe han, for å teste ho, men det går ikkje.
How To Lose Your Lover er vittig skreve, og eg føler filmen gir meining. Det er ei stund siden eg har likt ein romantisk komedie så godt. Likevel om den kanskje ikkje er gripande eller trist, så er det bra. Det er trass i alt komedie, ikkje tragedie.
Filmen er hakket meir realistisk enn eg er van med. Eg kan identifisere meg med rollefigurane, og han får fram at ingenting er perfekt, uansett om du skulle vere på eit universitet på austkysten eller henge rundt i California. Rollefigurane er nok ikkje fullstendig realistiske på alle vis, men resultatet blir likevel betre enn mange andre dårlege romantiske komediar .