(500) Days of Summer - Filmdagbok

(500) Days of Summer 2009

Som fan av både Zooey Deschanel og søte, rare, romantiske komediar som ikkje berre handlar om å vere ein romantisk komedie, var (500) Days of Summer ei sann glede.

Den stadige hoppinga i tid gir mange avbrekk som får deg til å tenke litt i retning av korleis ting har skjedd og korleis ting vil skje framover. Å tenke dit hen i ein romantisk komedie skjer ikkje ofte. Sjølv om (500) Days of Summer fortalt kronologisk ikkje ville ha ført til all verda for gangen i handlinga, er det meir enn nok av hjarte og god karakterbygging til at dette uansett elles er ein god film.