54 - Filmdagbok

54 1998

Filmen hadde potensiale til å bli noko stort, men blei øydelagt av klipping gjort av Disney. Desse gjorde filmen ufokusert og litt kjedeleg. Det var eit stort potensiale i kjærleiksforholdet mellom Salma Hayek og Ryan Phillippe, men det bar ingen stad. Karakterane blei igjen utan noko å gjere. Mike Myers lyste opp og gjorde at filmen trakk opp. Og attskapinga av interiøret på nattklubben var imponerande.