Eit ungt par har vore i lag i seks år, og byrjar ein negativ spiral forårsaka av ei usikkerheit på seg sjølv og sitt forhold. Omstenda og tilfeldigheitene hjelper ikkje på.
Eg blir nok påverka av at Jay Duplass og Mark Duplass er produsentar til filmen. Dette er på mange måtar ein intim film med lågt budsjett, lik dei filmane Duplass-brørne sjølv lagar og har laga. Men sjølv om eg er positivt innstilt på grunn av dette treff ikkje filmen helt heim.
Det er noko med presentasjonen. Historikken til paret er lang og gir inntrykk av å ha vore stabil. Det som skjer i filmen er det stikk motsette, og det utfoldar seg på ein nesten banal måte som er på kanten til å ikkje vere truverdig. Dette er basert på mi tolking av presentasjonen, og blir også prega av oppførselen til karakterane i filmen.
6 Years er nesten god, men ikkje god nok. Det er eit greit avbrekk på sitt beste, og har det gåande for seg at han er konsis tatt tema til vurdering. Men eg blir ikkje seld.