
7 miljonärer
7 miljonärer er ein svensk komedie som hamnar omtrent midt på treet for meg. Han er passe morosam, og det er ikkje så mykje meir eg har behov for å legge i vurderinga.
Eit bryllaup skal feirast på ein herregard. Pengar og arv gir fleire av dei frammøtte heilt andre interesser enn berre å ønske paret lukke til. Suzanne Reuter har ei sentral rolle i eit selskap der mange vil lure nokon andre.
Det er eit opplegg som lett kan gi både forviklingar og komikk. Eg får noko av det, men filmen blir ikkje så morosam at han løftar seg over det jamne.
Alexander Kardelo etterlyser også meir humor på MovieZine (moviezine.se). Han skriv at filmen gir mange smil, men få store latterutbrot.
Eg er heller ikkje like begeistra for heilskapen som han er. Filmen får eit stykke på veg til det han prøver på, utan at eg kjenner behov for å seie så mykje meir enn det.
