
8 Mile
Denne historia er delvis basert på livet til Eminem frå han var hobbymusikar til han blei profesjonell rappar. Eminem spelar sjølv i hovudrolla. Han gjer ein god figur i ein god film om Detroit og rap.
Det er det harde livet for den oppdikta arbeidaren og hobbymusikaren Jimmy B-Rabbit Smith som er senteret for 8 Mile. Det handlar om privatlivet hans, prega av problema folk rundt han har skapt seg, og om forholdet hans til enkelte kvinner. Han er redd for å framføre, men god til å rappe når det først går.
8 Mile er ei godt fortald historie som både engasjerer, står fram som eigenarta i havet av filmar, og som har god musikk. Alt er ikkje perfekt. Delar av filmen er datert på ein dårleg måte, og filmen har både dødtid og periodar med det eg vil kalle oppbrukt materiale. Som i dårlege klisjear frå andre filmar. Dette er sjølvsagt vurdert frå min ståstad og ut frå filmar eg har sett, men det gjeld jo all vurdering som vert gjort på Filmdagbok.
På Break Down That Film Reviews (breakdownthatfilm.blogspot.com) blir det lagt vekt på at historia handlar om å oppdage eit talent, framfor å vise heile vegen til eit stort gjennombrot. Omtalen meiner skodespelet og dei dystre miljøa gjer denne avgrensa reisa sterk. Det er mykje av det som også fungerer for meg. Filmen har nokre velkjende omvegar, men gir hovudpersonen eit konkret mål eg kan bli oppteken av.
8 Mile fell mellom to stolar. Eg gir ei anbefaling til deg viss du har interesse for Eminem eller historier inspirert av livet til musikarar. Og det er ein film du kan la vere å sjå om du ikkje har interessa.
