88 Minutes er ein forvirrande thriller med Al Pacino som collegeprofessor og rettspsykiater. Der gamlingen menga seg med yngre, pene kvinner, sjølv etter ein drapstrussel som gir han har 88 minuttar igjen å leve.
Trådane i filmen er mange, det held derimot å sei at Jack Gramm (Al Pacino) i løpet av dei 88 minuttane etter han mottek trusselen prøver å finne ut kven som truar han, samtidig som andre små problem må løysast.
Det kunne ha blitt spennande med tidspresset hengande over, men det blir ikkje lagt merke til i heile tatt. Det einaste som eg merkar er at det blir prøvd veldig hardt å skape ein smart film, til den grad at det blir overflod av detaljar og ord. Fleire hint blir for tydelege og moroa med å prøve å forstå noko forsvinn i resten av rotet.
88 Minutes verker billeg. Ikkje som ein uavhengig produksjon, meir som ein nedprioritert produksjon av eit stort filmstudio på negativ måte. Arbeidet med kamera er slurvete, og i det forsvinn opplegget rundt kameraføringa frå avstand. Det meste kjennest rett og slett halvgjort.