
8MM
Her blir me kasta inn i ei dyster verd. Den private etterforskaren Tom Welles (Nicolas Cage) får livet snudd på hovudet av ein åttemilimeterfilm ingen vil vere vitne til.
Regissøren er Joel Schumacher. Han gjer ei eiga greie ut av 8MM, men får likevel òg effekten av ein god thriller fram. Det er ein tematikk her som er ubehageleg å vere vitne til, og eg både vil sjå filmen fordi han er godt laga, samtidig som eg ikkje vil sjå for mykje av verda Welles blir drege inn i.
Stemninga er ubehageleg frå start. Filmen viser brutale og umenneskelege sider. Det er mykje i 8MM som sparkar frå seg, kanskje aller mest fordi filmen ikkje gjer det enkelt for oss å likestille offer og gjerningsperson.
Dei kjente skodespelarane er fleire. Nicolas Cage er på sitt beste. Joaquin Phoenix viser at han er ein skodespelar med stort spenn. Både James Gandolfini og Peter Stormare er truverdige som fæle skikkelsar.
8MM er ikkje ein film for alle vil eg tru. Litt som Tom Welles så kjenner eg på at eg ikkje vil forville meg inn i dette for mykje. Likevel sit eg att med kjensla av å ha sett meir enn eg vil hugse.
Denne reisa ned i mørket blir heller ikkje lett å legge frå seg for Albert Clarkson’s Reviews (albertclarksonsblog.com). Clarkson les filmen som ei nedstiging til ei underverd som etterforskaren ikkje kan vende uskadd tilbake frå. Han er langt meir begeistra for filmen enn eg, men nøler likevel med å tilrå han. Det passar godt med den doble kjensla mi. Eg ser kvalitetane, samtidig som eg helst vil halde denne verda på avstand.
