
A Birder's Guide to Everything
Kodi Smit-McPhee spelar ein tenåring som har mista mora si for eit og eit halvt år sidan. Han er interessert i fuglar og skal vere forlovar i bryllaupet til faren om få dagar.
A Birder's Guide to Everything har det som skal til for å bli ein heilt grei oppvekstfilm. Det som skal til er som regel ungdommar, alvor og litt komedie.
Det som det står på er at filmen ikkje klarer å gå særleg djupt, iallfall ikkje på ein engasjerande måte. Det er ikkje nok sjarm til å smelte, og det er stort sett berre ei rørande scene som framkallar nemneverdig emosjon. Resten av filmen går under merkelappane godkjent og fin. Først og fremst i tone og visuell stil.
Den uvanlege fugleinteressa og dei naturlege ungdomsprestasjonane gir Greg Klymkiw på The Film Corner (klymkiwfilmcorner.blogspot.com) meir glede enn eg fekk. Han meiner filmen er varm og engasjerande, med ei frisk ramme rundt den kjende oppveksthistoria. Eg likar også tonen, men blir ikkje like nær personane. Det er nettopp denne ekstra sjarmen og kjensla eg saknar for at den fine overflata skal bli noko meir.
Filmen er altså ikkje dårleg. Men han er heller ikkje å anbefale. Trass i å vere godkjent er det eit vonbrot, med tanke på at eg forventa ein mykje flottare, artigare og rørande film.
