A Boy and His Samurai - Filmdagbok

A Boy and His Samurai 2010

I søken etter noko utanom det vanlege fann eg Chonmage purin, ein film om ein samurai som reiser i tid, frå Edo-perioden til dagens Tokyo. Filmen har fått den engelske tittelen A Boy and His Samurai.

Samuraien, som er langt utanfor komfortsona si, endar opp med å flytte inn hjå ei einsleg mor og sonen hennar. Der tek han på seg husarbeidet og lærer seg fort å bake, eit felt han snart blir ekspert på.

Det høyres ut som eit morosamt utgangspunkt for vidare god film, og det er det. Men komedien til Chonmage purin er meir nedtona. Han er alltid der, men det meir direkte språket til filmen er det av det dramatiske.

Det som er viktigare enn kva type film det er, er at Chonmage purin fungerer frå start til slutt. Sjølv om utgangspunktet er enkelt, ein samurai si tidsreise til moderne tid, fortel Chonmage purin oss så mykje meir.