
A Case of You
Ein smått ubehageleg fyr møter ei dame som jobbar på ein kafe. Han blir fengsla av ho, og går inn for å gjere seg kjent med Facebook-profilen hennar og etter kvart få til å kunne gå ut med henne.
Premissen er eit klassisk eit i samanheng med romantisk komedie. Skap eit forhold på grunnlag av å halde tilbake informasjon og framstå som ein person med andre interesser. A Case of You bidrar ikkje til noko nytt her. Denne type film gir meg eit ubehag eller ei uønskt slags spenning, og øydelegg noko av effekten av det komiske og romantiske. Ikkje ein gong den litt overraskande slutten kan vege heilt opp for dette.
Evan Rachel Wood strålar, og kjemien mellom ho og Justin Long er også på plass. Sjølv om sistnemnde spelar ein slitsam karakter, så har han nok menneskelege trekk ved seg og eit mål, og dette er nok til å drive filmen framover.
Kjemien er noko av det som gjer at eg held fram, men John Fink på The Film Stage (thefilmstage.com) er langt mindre overtydd av heilskapen. Han finn nokre morosame innslag, men meiner slapp regi og lite truverdige val tappar historia for kraft. Eg skjønar innvendinga. Når forholdet bygger på ei så anstrengd framstilling av kven hovudpersonen er, må skodespelarane gjere mykje av arbeidet for at eg skal bry meg.
A Case of You er ikkje filmen eg er klistra føre skjermen heile vegen på. Men ein film eg tar pause frå midt i. Forutan nokon altfor typiske situasjonar og strukturelle knep så er det ein midt på treet fornøyeleg film.
