Mitt første møte med gjengen i Knøttene. Eg tykkjer godt at eg får med meg mange av tinga som utgjer denne serien. Det fell likevel ikkje meir enn sånn akkurat passe i smak. Både denne og andre eldre animasjonsfilmar har nok så sterke røter i juletradisjonar at det kan vere vanskeleg å hente ut kritikk av mange sine skriv om filmen.
Charlie er deprimert og ser ikkje poenget med jula, det har litt med kommersialisering av jula å gjere, men meir med at Charlie er den type person som klagar. Sally prøver å hjelpe han ved og gjere han til ansvarleg for juleførestillinga, noko som endar i kaos då både han ikkje har det som skal til, og resten av ungane har dårleg konsentrasjon.
Det skjer for lite her til at det blir artig. Eg klarar ikkje å sjå den store gleda i å vitne håplause ungar som ikkje gjer anna enn å gjenta seg sjølv i over ein halvtime. Utan humor er det derimot ikkje, eg synst blant anna at Snoopy er ein komisk hund og det er ikkje å nekte for at nokon av dei andre ungane òg glimtar til. Ein ny favoritt blant julefilmar vil eg likevel måtte sjå vidare etter.