
A Christmas Detour
A Christmas Detour er eit romantisk drama og ein julefilm som kom ut i 2015. Han er regissert av Ron Oliver. Candace Cameron Bure og Paul Greene spelar hovudrollene.
Eg hadde få forventningar til denne filmen, rett og slett fordi eg visste lite om han. Eg valde filmen av tre grunnar. Eg ser ein del julefilmar for tida, han kom frå Hallmark, og Candace Cameron Bure er ein skodespelar eg kjenner til. Det siste gjer terskelen lågare for å sjå ein film med henne.
A Christmas Detour handlar om ei kvinne som skal besøke familien til sin trulova til jul. Veldig dårleg vêr gjer at flyet må lande eit godt stykke vekke frå reisemålet som er New York. Og i dette tilfelle blir ho, ufrivilleg kan eg sei, kjent med ein annan fyr som òg skal til New York. Og ho blir i tillegg kjent med eit gift par. Då reisetida dreg ut, ligg det til rette for ho å finne meir ut av kva ho eigentleg set pris på i form av menneske rundt seg.
Filmen er avgrensa i omfang, og gir litt av eit billeg preg som mange moderne julefilmar frå Hallmark har. Her snakkar me om filmar i kvantitet. Men det merkast òg at det er eit dyktig produksjonsapparat bak, som veit akkurat kva som skal til. Sjølv om det ikkje blir satsa høgt, er det innanfor. Som i mange andre tilsvarande filmar er det enkle effektar, inntrykket av ein varm vinter ettersom ingen pustar damp i kulda, og falsk snø som merkast best.
Skodespelarane gjer ein god jobb. Dei er midt på treet når det gjeld å uttrykke kjensler. Paul Greene er ein skodespelar som kan bidra med eit komisk uttrykk, på passe naturleg vis. Elles er skodespelarane få, og det blir ikkje gjort noko stort nummer ut av birollene.
Dette er ein ukomplisert film. Vegen er målet, og slutten er føreseieleg. Det går litt sakte framover, men eg kjedar meg ikkje mykje. Kulisser og sånt ser som nemnt litt billeg ut, men kan bli akseptert då eg visste kva eg gjekk til. Sånn sett svarar filmen på dei få forventningane eg hadde.
Dette er ein ganske så midt på treet film. Han får ingen anbefaling av meg. Du får heller ingen beskjed om å styre unna, så lenge du veit kva ein billeg julefilm frå Hallmark anno 2015 inneber.
Dei låge forventningane er heller ikkje nok for skribenten på Bohica (movieguy1970.blogspot.com). Omtalen rosar innsatsen til skodespelarane og smilet til Candace Cameron Bure, men meiner at dei slitne klisjeane og den påtrengande musikken trekker filmen ned. Eg er meir villig til å godta den enkle turen. Likevel blir dette berre greitt, sjølv når me veit kva slags julefilm me går til.
