Ei ung kvinne (Laura Breckenridge) blir forelska i kjærasten til sin grufulle sjef. Dei utviklar samtidig eit vennskap, og ting blir komplisert, men er eigentleg veldig enkle filmatisk sett.
A Christmas Kiss er ein romantisk førjulsfilm om den jordnære, snille og søte kvinna sin konkurranse mot den overflatiske, frekke kvinna. Mannen det står om blir delvis lurt, og veit ikkje før mot slutten av filmen kva han skal gjere.
Mesteparten står og kviler på i kva grad du likar Laura Breckenridge i rolla ho spelar. Og moglegvis er det artig å sjå Roswell-stjerna Brendan Fehr for første gang på over ti år. Som julefilm er dette forfriskande fritt for religion, og som romantisk film er det litt rørande, men ikkje spesielt djupt.