Hopp til hovedinnhold
Plakat for A Christmas Prince: The Royal Wedding (2018)

A Christmas Prince: The Royal Wedding

Film
2

A Christmas Prince: The Royal Wedding er oppfølgaren til Netflix-julefilmen A Christmas Prince frå 2017.

I denne filmen følger me kong Richard og Amber i førjulstida før dei to skal gifte seg. Det er ei tid kor Richard er oppteken med dei økonomiske problema til kongeriket. Amber på si side merkar korleis ho blir styrt av slottet sine tilsette mot eit bryllaup ho ikkje likar.

Filmen ber preg av å vere ein oppfølgar berre for oppfølgaren sin del, og ikkje fordi filmen har ei viktig eller god historie å formidle. Då det er eit år sidan eg såg forgjengaren, hadde eg vanskar med å hugse dei sentrale detaljane som denne filmen bygger vidare på. Igjen står ein noko ufullstendig film, som manglar sjølvstende, god oppbygging og karakterbygging.

Nick Linde på Average Film Blog (nicholaslindefilm.wordpress.com) meiner oppfølgaren mistar sjarmen til den første filmen, og at det blir lite karakterutvikling. Han reagerer òg på kor langt historia driv bort frå bryllaupet tittelen lovar. Eg saknar først og fremst ei sterkare oppbygging. Når filmen lener seg så tungt på det me skal hugse frå før, blir det for lite att som fungerer på eiga hand.