
A Christmas Story
A Christmas Story er ein julefilm i tradisjonell forstand, familievennleg og utan dei store overraskingane. Regissør Bob Clark har forteljarstemma og fortel korleis desember månad utarta seg for han som ni år gamle Ralphie omkring 1940.
Ein av dei flotte tinga er kor godt filmen klarer å fortelje historia frå perspektivet til eit barn, slik at eg sjølv levde meg inn og kjente meg igjen undervegs, trass dei 50 åra mellom barndomen til Ralphie og min. Tida før jul der du går og ønsker deg eit spesielt leikety utartar seg kanskje ikkje på same måten i dag, då ungar får alt dei vil ha for å halde kjeft. Men berre for få år sidan, då eg var på denne alderen, var eg aldri garantert toppønske mitt.
Barneperspektivet får ei fin utdjuping på Passion for Movies (movieretrospect.blogspot.com). Omtalen trekker fram korleis kvardagslege skuffingar blir enorme i fantasien til Ralphie, før røynda punkterer dei store draumane. Det er ein god måte å forstå attkjenninga eg kjenner på. Sjølv om barndomen hans ligg langt frå min, er ikkje spenninga rundt det høgaste juleønsket så framand. Dei små familiehendingane gjer det lett å leve seg inn utan at filmen treng store overraskingar.
A Christmas Story gjer meir enn å sette meg inn i barnerolla. Det er ein utruleg hyggeleg og koseleg morosam film på eit vennleg vis. Han prøver ikkje for hardt å skape latter. Alt fell naturleg på plass i tilværet til familien Parker, og eg humrar meir enn eg bryt ut i latter. Verkeleg ein solid julefilm dette her altså!
