A Christmas Story - Filmdagbok

A Christmas Story 1983

A Christmas Story er ein julefilm i tradisjonell forstand, familievennleg og utan dei store overraskingane. Regissør Bob Clark har forteljarstemma og fortel korleis desember månad utarta seg for han som ni år gamle Ralphie omkring 1940.

Ein av dei flotte tinga er kor godt filmen klarer å fortelja historia frå perspektivet til eit barn, slik at eg sjølv levde meg inn og kjente meg igjen undervegs, trass dei 50 åra mellom barndomen til Ralphie og min. Tida før jul der du går og ønsker deg eit spesielt leikety utartar seg kanskje ikkje på same måten i dag, då ungar får alt dei vil ha for å halda kjeft. Men berre for få år sidan, då eg var på denne alderen, var eg aldri garantert toppønske mitt.

A Christmas Story gjer meir enn å setja meg inn i barndomsrollen, han er utruleg hyggeleg og ein koseleg morosam film på vennleg vis, der det ikkje vert prøvd hardt for å skapa latter, men alt fell naturleg på plass i tilvera til familien Parker og eg humrar meir enn å bryta ut i latter. Verkeleg ein solid julefilm dette her altså!