Hopp til hovedinnhold
Plakat for A Close Shave (1995)

A Close Shave

Film
4

I den tredje Wallace & Gromit-filmen blir me introdusert for sauen Shaun frå Shaun the Sheep.

Ull står på programmet i A Close Shave. Det er mangel på ull og noko ullent går føre seg ute av syne. Mannen Wallace og hunden Gromit hamnar midt i situasjonen, som også denne gongen blir fortalt på ein humoristisk og spennande måte, med innslag av krim og mange artige maskiner.

For kvar nye film blir grensene for sprek animasjon utvida, og A Close Shave er blant det drygaste hittil på dette. Likevel er humoren å finne i detaljane og den typiske britiske veremåten til Wallace, og i at Gromit gjerne tar støyten for det som skjer.

Shaun er filmens helt, og tilfører filmen ekstra sjarm, og det er ikkje vanskeleg å sjå at hans lure veremåte inspirerte ein eigen serie og seinare filmen Shaun the Sheep Movie.

Shaun gjer eit mindre sterkt inntrykk på Paul Astell på Feeling Animated (feelinganimatedblog.wordpress.com). Han likar den frekke og modige vesle sauen, men er overraska over kor populær ein såpass liten rollefigur blei. Eg opplever at nettopp dei korte, lure innslaga gjer mykje. Shaun treng ikkje stor plass for å tilføre sjarm, og passar fint inn i ei verd der handlingane og detaljane ofte seier meir enn replikkane.