
A Day in the Life of Nathaniel Hornblower
A Day in the Life of Nathaniel Hornblower er ein tulledokumentar med David Cross som Nathanial Hörnblowér, liksomregissøren til konsertvideoen Awesome: I Fuckin' Shot That!
Den perfekte bruken av David Cross må eg si, er ein av favorittane mine hittil når det kjem til slike tulleroller som han spelar her. Han var dessutan ein av dei beste skodespelarane i Arrested Development, men det er ein annan sak.
Her er eg klart meir begeistra enn Kurt Halfyard på ScreenAnarchy (screenanarchy.com). I omtalen av konsertfilmen tek han også for seg kortfilmen, som han meiner dreg ut og endar med å skyve publikum frå seg. For meg fungerer nettopp denne merkelege tullerolla svært godt. David Cross får noko heilt eige ut av figuren, og innslaget blir eit av dei eg særleg vil trekke fram frå utgjevinga.
Her spelte han ein sveitser på ski og på fylla i gatene i New York. Ein film du må sjå om du har kjøpt Awesome: I Fuckin' Shot That!
