A December Bride - Filmdagbok

A December Bride 2016

A December Bride er ein romantisk komedie og julefilm som kom ut i 2016. Regissøren bak filmen er David Winning.

Dette er ein film frå Hallmark som er ein del av mitt vesle prosjekt med å sjå julefilmar i førjulstida. Valet falt på denne av rein slump og at han var tilgjengeleg, og fordi det er ein Hallmark-film. Både skodespelarane og regissøren var for meg ukjent i forkant av at eg så filmen.

A December Bride handlar om ei ung kvinne, Layla, som alltid har hatt ein draum om å gifte seg i desember. Draumen er i ferd med å breste, da ho blei dumpa eit år i forvegen, og no blir invitert til bryllaupet til sin tidlegare trulova. Han skal gifte seg med hennar kusine. I mangel på eit følge i bryllaupet går ho i lag med ein felles kjent av paret. Og til alle si overrasking annonserer dei at dei også er trulova.

Dette er ein glatt og overflatisk film. Budsjettet har vore akkurat stort nok til at det går an. Det er overdådig julepynting som skal bidra til julestemning her, ikkje snø, hygge eller heller familie. Men så handlar filmen delvis om å pynte et hus, så det går vel greit.

David Winning har gjort ein heilt grei jobb, trur eg, med dette. Han har ikkje henta ut alt av sine skodespelarar, men filmen heng passe godt saman. Eg er nok prega av å ha sett mange Hallmark-filmar siste tida, så vurderinga min må sjåast i lys av dette.

Skodespelarane er ei komisk greie i A December Bride. Når det gjeld Jessica Lowndes så er eg konstant usikker på kva kjensler ho prøver å formidle. Er det glede, vonbrot, overrasking, kjærleik, likesæle eller mislikar ho noko? Det er så kryptisk at det er underhaldande. Daniel Lissing spelar heilt greit, der er det heller noko komisk i at hans karakter er så tilsynelatande perfekt. Begge desse to ser pene eller kjekke ut, og tynne presentasjonar og karakterar forsterkar det overflatiske preget til filmen.

Alt som har med handlinga til filmen å gjere er føreseieleg. Filmen har ei kjent spenningskurve, om eg kan kalle det for det. Her leverer filmen akkurat som forventa. Ei behageleg oppleving i grunn, med ein lykkeleg slutt.

Ei anbefaling vågar eg ikkje å komme med. Filmen er over middels, så vidt, og den einaste grunnen eg kan komme på å i heile tatt hinte til at du bør sjå den, er på grunn av det komiske ved det overflatiske preget filmen har.