A Garfield Christmas Special er i likskap med A Charlie Brown Christmas ein kort animert tv-spesial som vart sendt på tv for ei stund tilbake sidan og som i ettertid har vorte tradisjon, om ikkje i Noreg, så iallfall i USA. Eg har heller aldri sett katten Garfield animert før eg såg denne spesialen, men eg har alltid vore nysgjerrig, berre ikkje nok til å gjera noko med det.
Tilhøvet mitt til Garfield-striper i aviser og blad er svakt, eg les det eg kjem over, vel halvparten er artig, men eg har aldri kjøpt eit Garfield-blad eller gått inn for å oppsøkja serien.
Om spesialen kan det vel seiast at det heller ikkje her er den beste historia dei byggjer på. Men heller ei forventing at folk har kjennskapar til fiksjonsuniverset frå før, og kan le av og med karakterane. I ei handling sett til ei koseleg julefeiring. For litt koseleg er det, og litt humor når igjennom til ein gretten, skeptisk gubbe som meg òg, men altså, dette var nok ikkje meint å treffe meg.