Hopp til hovedinnhold
Plakat for A Gift of Miracles (2015)

A Gift of Miracles

Film
3

A Gift of Miracles er ein Hallmark-film med Rachel Boston, ei kvinne med etter kvart mange tv-filmar på samvitet.

Det handlar om ei ung kvinne som skal skrive ein søknad for å motta stipend. Ho har problem med å ordlegge seg på ein interessant måte, og får ein litteraturprofessor til å hjelpe seg.

Ein slump skal ha det til at ho finn ei liste med gjeremål, etterlaten av si avlidne mor, under et besøk hjå sin far. Og ho setter i gang med å gjennomføre punkta på lista, etter anbefaling frå litteraturprofessoren, som ein måte å opne seg sjølv opp for kreativ skriving på.

Han og henne er to ulikskapar som då sjølvsagt, i ein film som denne, må bli trekte mot kvarandre over tid. Og det å gå i fotspora til mora fører like sjølvsagt til at kjensler kjem til overflata. Me snakkar jo trass alt om ein Hallmark-film her.

A Gift of Miracles er ein fin film, men ikkje så mykje meir. Han er akkurat innanfor med tanke på produksjonen og skodespelet. I blant er han ufrivillig komisk i å vere opplagt. Og han er føreseieleg. Men eg visste kva eg gjekk til, og tenker at det er ein grei film på grunn av det.

Det opplagte kan også opplevast som vel gjennomført. John W. Kennedy på Faith, Media and Culture (beliefnet.com) rosar i si korte filmmelding både dei likande karakterane og skodespelet til Rachel Boston og Jesse Moss. Han finn fleire gode vendingar enn eg gjer. For meg er dette først og fremst trygt og føreseieleg, men det er nettopp innanfor slike rammer at ein varm tone kan vere nok til ei grei oppleving.