Hopp til hovedinnhold
Plakat for A Girl Like Her (2015)

A Girl Like Her

Film
3

A Girl Like Her handlar om tenåringar, jenter og mobbing. Ei jente blir mobba, og blir overtalt av ein venn til å dokumentere mobbinga ved å gå med eit spionkamera som er slått på.

Mobbinga pågår så lenge at jenta til slutt bryt saman og prøver å ta sitt eige liv, og det er då filmmateriale dukkar opp til overflata. Eit produksjonsselskap som er innom high school for å filme heilt andre saker, får nyss om mobbinga på den tilsynelatande perfekte skulen, og startar å grave etter sanninga.

A Girl Like Her har ein del for seg. Stort sett ukjente skodespelarar for min del, men kjente i amerikanske såpeseriar, gjer dette meir truverdig i sin dokumentariske tilnærming av fiksjonsfilm. To poeng som trekk filmen litt ned er at han ikkje klarer å mane fram dei sterke kjenslene han prøver på, og at når situasjonen vender seg mot mobbaren framstår det som hemn og mobbing det også. Kva filmen eigentleg står for blir derfor noko uklart.

Donna R. Copeland på Dr. Donna’s Movie Reviews (drdonnasfilmreviews.blogspot.com) opplever filmen som både truverdig og sterkt rørande. Ho meiner også at han gir rom for medkjensle med mobbaren, gjennom innblikka i livet hennar. Eg fekk ikkje dei same sterke kjenslene, og opplevde vendinga mot mobbaren som meir hemnaktig. Det gjer at eg sit att med større tvil om kva filmen vil formidle.