Hopp til hovedinnhold
Plakat for A Golden Christmas (2009)

A Golden Christmas

Film
3

Dette er ikkje den hundefilmen det ser ut til. For å avsløre med ein gong, så dukkar ikkje dei små hundekvalpane opp meir enn eit lite minutt i slutten av filmen.

Det A Golden Christmas handlar om er ei ung enke med barn som kjem heim til jul. Der mimrar ho tilbake til ein gut ho møtte i barndomen ein sommar, og var bestevenner med den sommaren. Og ein hund som alltid var med dei.

Det er ikkje vits å seie stort meir. Resten av filmen er så føreseieleg som du kan forvente. Det er heller ikkje lagt opp til overraskingar for oss, men heller for karakterane i filmen. Andrea Roth er kvinna, og Nicholas Brendon er den sjølvsagde mannen som må til. Dette er ein typisk film der det faktumet at Nicholas Brendon spelte i Buffy the Vampire Slayer er med på å trekke det opp for delen min. Og at Andrea Roth er ei attraktiv kvinne på typisk 40 år som ikkje ser ut til å vere feil i denne typen film.

Edwin L. Carpenter på Dove (dove.org) rosar skodespelet og finn sjarm i historia om å møte igjen nokon frå barndomen. Han blir meir engasjert av sjølve forteljinga enn eg gjer. For meg er det først og fremst dei kjende ansikta som held interessa oppe. Kvar dette skal ende, er det liten tvil om.

Det er ikkje ein sterkt juleprega film. Jula er meir eit bakteppe enn ein viktig del av eventuell sentimentalitet og den slags. Det går greitt for delen min at ikkje alle julefilmane eg ser i år har for mykje julestemning.