A Grand Day Out er det første eventyret til Wallace & Gromit, og kom i 1989. Dei har gått tom for ost, er klar for ferie, og ser på månen som den store osten som også kan fungere som feriemål. Derfor byggjer dei ein rakett, og drar til månen for å spise han.
Dette er ein fornøyeleg kortfilm på litt over 20 minuttar. For å sitere Nick Park, mannen bak dette, så får det fram noko britisk og humoristisk i det enkle. Og nettopp dette gjer at poenga som kortfilmen tar på kornet blir ekstra effektive. Dei kjem som ei overrasking i det daglegdagse. Alt i frå ein rakett i kjellaren til månen som ein ost. På toppen kjem det eit par gode og ekstra poeng, i botnen ligg er dette flust av artige detaljar.