- Filmdagbok

A Hologram for the King

Tom Hanks spelar ei seljar som verkar å vere ein stad i livet kor ting har gått feil, og han får ein ny sjanse til å overbevise om at han kan få til noko. Og at det han har teke på seg er vatn over hovudet.

Handlinga finn stad i Saudi Arabia kor han skal selje hologramteknologi til kongen. Det skal byggast ein splitter ny by etter beste oljepengeoppskrift. Og det å manøvrere i framand land mellom utilgjengelege personar gjer at karakteren til Tom Hanks må ut av komfortsona og soleis opplever mykje nytt.

Det er ein hyggeleg og morosam film, som på fint vis set nokre poeng på spissen for ekstra underhandling. Filmen er ikkje direkte utfordrande på noko vis, og kunne gjerne ha vore modigare. Men det hjelp på å ha kvaliteten til Tom Hanks med.