À la folie... pas du tout - Filmdagbok

À la folie... pas du tout 2002

Det startar som ein vanleg romantisk film. Kunststudenten Angélique (Audrey Tautou) er forelska i hjartespesialisten Loïc (Samuel Le Bihan), og prøver å få han til å gå i frå den gravide kona si.

Loïc møter derimot ikkje opp når Angélique ordnar eit treff, og ho utviklar kjærleikssorg. Brått, halvveges i filmen tar han ei vending og me får servert den same historia frå hans ståstad, og det er ein skremmande vri.

Laetitia Colombani veit å gjere seg nytte av den uskyldige og søte utstrålinga til Audrey Tautou. Dei store mørke auga er enkelt å bli fanga av, og når du først er fanga blir andre halvdel ekstra sterk.

Filmen si svakheit er at han må bruke så lang tid for å gjere vendinga eg rablar om effektiv. Problem kan kanskje komme av mi uvisse rundt filmen, eg visste nemleg ikkje at dette var noko anna enn ein romantisk film. Når overraskinga først kom, og bygde seg opp og opp utover mot slutten, blei eg derimot veldig engasjert. Og slutten gjorde at eg fekk frysningar.

Denne rablinga høyres nok rar ut, eg merker sjølv at det eg har skrive ikkje gir særleg meining. Å røpe at dette er ein thriller ved sidan av romantikk gir jo ein peikepinn mot kva det utviklar seg mot, og at det heile vegen handlar om Angélique sin kjærleik for Loïc. Det er alt eg kjem til å sei om filmen, som eg forventar vil vekse som oppleving etter tid. Det er nemleg ein av dei filmane som gir mat til ettertanke.

À la folie... pas du tout er kjent som He Loves Me... He Loves Me Not på engelsk.