Å sette handlinga til tidleg 1900-tal har gjort at Woody Allen med A Midsummer Night's Sex Comedy forsterkar effekten til historia. Her er ekteskap, kjærleik og sex tema når seks vaksne menneske med uperfekte forhold blir samla for å feire det kommande bryllaupet til to av dei.
Romantiseringa, krydra med seksuell energi, svarer til mange av forventningane eg har til dette kostymedramaet og komedien, og er nok blant dei meir morosame eg har sett innan sjangeren. Woody Allen lykkast likevel ikkje å more så mykje som håpt, det blir for tamt og uskyldig. Eg kjedar meg ikkje, men eg kunne gjerne ha fått litt meir å gå på.