Hopp til hovedinnhold
Plakat for A Muppet Family Christmas (1987)

A Muppet Family Christmas

Film
3

Ingen jul utan The Muppets. Tredje julefilm i denne oppkøyringa til jul er The Muppets-spesialen for tv, A Muppet Family Christmas, frå 1987. I denne korte saka samlast figurar på tvers av Fraggle Rock, The Muppet Show og Sesame Street for julefeiring på garden til mora til Fozzie Bear.

Forutan framføring av julesongar skjer det ikkje stort her, men det gode selskapet og lystige melodiar er nok til å skape julestemning. Av nemneverdige innslag er nærværet av Doc og Sprocket frå Fraggle Rock og fuglejakta til Swedish Chef til ein julemiddag.

Matt DeCristo på The Movie Buff (themoviebuff.net) finn mykje av gleda i møta mellom figurar frå dei ulike Muppet-verdene. Små innfall som Animal og Cookie Monster saman gir han meir enn nok å le av. Det er noko fint med at dette kan vere så enkelt. Me treng ikkje ei stor historie når selskapet og songane allereie gjer julefeiringa verd å vere med på.

A Muppet Family Christmas er ikkje den første The Muppets-produksjonen du går til, men blant tv-spesialar er det noko av det betre, trass i lite handling.