
A Night in Casablanca
Marx-brørne er kjente i filmhistoria. Groucho Marx, Harpo Marx, Chico Marx og Zeppo Marx, i blant i lag med Gummo Marx og seinare utan Zeppo Marx, har fem filmar blant dei 100 beste komediane kåra av American Film Institute. A Night in Casablanca er den tredje siste filmen deira, og er utan Zeppo Marx eller Gummo Marx.
Handlinga er som følger. På eit hotell i Casablanca, etter andre verdskrig, dør hotellsjefane som fluger. Årsaka er ein nazist som vil ha kontroll over hotellet og har gøymt skattar der. Kornblow (Groucho Marx) hamnar i vegen for nazisten, men blir vrien å kvitte seg med.
Filmen er ein komedie på linje med det meste med Marx-brørne. Det er fysisk komedie, forvirring, faenskap og høgt tempo. Alt er på toppen av ei historie som ikkje er så dum. Formålet er å skape latter, og litt god stemning med musikalsk innslag. Karakterane til Marx-brørne er stort sett like frå film til film, så det er òg komedie i attkjenninga av særeigne verkemiddel.
I lag med den fysiske humoren er ein rå og frekk dialog sterk i filmen.
A Night in Casablanca når ikkje toppen av filmane med Marx-brørne. Det går for lang tid før historia blir interessant, og det tar ei stund før rare påfunn blir artige. Utover i filmen tar det seg opp. Minneverdige og ville sekvensar set sitt preg, og det blir ein fornøyelse å følge med på. Som introduksjon til brørne kan eg ikkje anbefale filmen, men filmen er ikkje utan grunnar til å sjå han.
Det er også brørne sjølve som ber filmen på Movie Movie Blog Blog (moviemovieblogblog.wordpress.com). Skribenten meiner dei er morosame trass i ei lite givande ramme, og trekker særleg fram Harpo Marx sine påfunn. Det liknar utbyttet eg fekk etter den treige starten. Attkjenninga og dei ville innslaga gir filmen verdi, sjølv om han ikkje er det beste dømet på kva brørne kunne få til.
