A Nightmare on Elm Street 4: The Dream Master - Filmdagbok

A Nightmare on Elm Street 4: The Dream Master 1988

Ein nedtur frå A Nightmare on Elm Street 3: Dream Warriors var ikkje uventa, Wes Craven er igjen utelate og Tuesday Knight har erstatta Patricia Arquette som karakteren Kristen Parker.

A Nightmare on Elm Street 4: The Dream Master er det første vonbrotet i filmserien, eit lite eit såleis, då han ikkje ligg spesielt langt unna nivået til A Nightmare on Elm Street Part 2: Freddy's Revenge. Eg torde å håpe på betre etter A Nightmare on Elm Street 3: Dream Warriors.

Ei avkrefting sømmer seg først, eg mislikte ikkje denne filmen, han er eigentleg heilt grei, litt kjedeleg i blant, men på andre sider har han mange godbitar å dele. Han gapar over mykje handling, men kvantitet er ikkje kvalitet. Eg saknar betre samanheng til hovudhistoria omkring Freddy Kreuger. Kristen Parker er med, men da berre i namnet, for med skodespelarbyte blir det som ein ny person. Skodespelet generelt er ganske håplaust her, det stinkar av mange av scenene. Kven du skal legge skulda på er vanskeleg å sei. Det ser ut til å ha blitt inngått mange kompromiss i redigeringsrommet.

Freddy er tilbake, det overraskar ingen. Korleis han har klart å kara seg tilbake blir kort og svakt fortalt, dette burde derimot ikkje bry nokon som har sete seg for å sjå filmane. Det er berre noko eg nemner i forbifarten. Freddy er og blir eit monster, han går kanskje litt for langt i å nyte vondskapen sin her, men igjen er det vanskeleg å klage når dette godt kan vere intensjonen til filmen, for det går jo heilt greitt ned.

Bortsett frå nokon kjedelege augneblinkar og dårlege skodespelarar er dette ein grei film. Han har sine glimrande lyspunkt. Eg har nemnt min elsk for utprega spesialeffektar i skrekkfilmar frå 1980-talet. Og filmen er også herleg grotesk som er lov til å like på film. Litt dryg på det kule frå 1980-talet er den også, men det er gøy. Humor er det flust av, ønska eller uønskt.

Litt i overkant av å skrive om det negative her i innlegget. For greia er at dette i A Nightmare on Elm Street-samanheng er ein heilt grei film.