Hopp til hovedinnhold
Plakat for A Nightmare on Elm Street Part 2: Freddy's Revenge (1985)

A Nightmare on Elm Street Part 2: Freddy's Revenge

Film
3

Me skal tilbake til Elm Street, og faktisk også til huset der vår Nancy frå A Nightmare on Elm Street budde. Fem år har gått sidan den gang og familien Walsh har nyleg flytta inn.

A Nightmare on Elm Street Part 2: Freddy's Revenge går rett på sak, så eg ser ingen grunn til ikkje å gjere det same. Jesse Walsh er sonen i huset og han opplever grufulle mareritt etter å ha tatt over Nancy sitt gamle rom. Han blir offer for ein meir utspekulert Freddy som har planar å la Jesse utføre drap for seg.

I eit forrykande tempo i ein film som hoppar litt stakkato mellom den eine natta til neste, der møta med Freddy og mareritt er det absolutt viktigaste, mistar dette grepet om den store historia. Den første filmen var enkel på ein god måte, denne blir meir simpel, med vekt på negative konnotasjonar.

Dette sagt, A Nightmare on Elm Street Part 2: Freddy's Revenge er ein overkommeleg film, og eg kjeder meg strengt tatt aldri. Han klarer å presse inne masse god guffe, sjølv om det aldri blir skummelt. Humoren er ikkje så spiss som i førre, og saman med gode rollefigurar er det brodden eg saknar mest. Filmen manglar nokon forklaringar undervegs som bidrar til den ujamne flyten, på ei anna side går du ikkje glipp av dei viktigaste informasjonsbitane.

På eit lågare nivå har filmen mykje for seg. Vil du ikkje bli prega av mitt syn på karakterane før du ser filmen, så rår eg deg å hoppe over neste avsnitt.

Du kan sjå Jesse som ein homofil som ikkje har komme ut av skapet og slit med seg sjølv. Då kan Freddy tolkast som det vonde som straffar han undervegs. Sett slik gir dette mykje meining. Filmen er suspekt, i mangel på eit betre ord, frå tidleg stadium, det er enkelt å legge merke til. Mange sekvensar undervegs er med på å støtte opp rundt dette, blant anna ei ganske dryg sadomasochistisk scene med gymlæraren i dusjen.

Denne tolkinga er heilt sentral på ludditerobot (ludditerobot.wordpress.com). Der blir Freddy lesen som eit uttrykk for uroa Jesse prøver å halde nede, medan filmen blir sett som ein oppfølgar som går i ei heilt anna retning enn originalen. Skribenten finn noko særeige og sjarmerande i avviket. Eg synest òg dette laget gjer filmen meir interessant, sjølv om den hakkete forteljinga framleis hindrar han i å fungere like godt som den første.

Skal eg trekke ein konklusjon ut frå dette, så er det at A Nightmare on Elm Street Part 2: Freddy's Revenge var betre enn forventa.