
A Nightmare on Elm Street: The Dream Child
Femte film i A Nightmare on Elm Street-franchisen. Alice frå den førre filmen, A Nightmare on Elm Street 4: The Dream Master, blir smelt på tjukka og gjennom den verste skremselspropagandaen mot tenåringsgraviditet og teikneserie (av alle ting) dukkar Freddy opp.
Tidlegare i serien har me fått vite litt om Amanda Kreuger, nonna som fødde Freddy. A Nightmare on Elm Street: The Dream Child går meir grafisk til verks og me blir vitne til at Freddy blir fødd på ny på same måte som hans ekte fødsel, gjennom draumane til det ufødde barnet til Alice.
Det heng ikkje på greip, men på ein god måte. Starten av filmen er relativt god og hastar ikkje med eksponering av herjingane til Freddy. Gradvis blir me kjent med flate og usympatiske karakterar. Den anonyme Alice i fronten kjenner me litt frå før, ved sidan av opptrappinga til den uunngåelege sluttmøtet. Folk vil dø undervegs, ingen vil tru på dei involverte, i blant kan eg ikkje unngå å bli irritert på dette, ettersom det har skjedd i kvar einaste film hittil.
Filmen har ei nemneverdig oppbygging og billege kulisser som osar av sjarm. Nokre er meir forseggjorde, som trapperommet der opp og ned ikkje eksisterer. Du veit, slike rom der alle går på kryss og tvers. Musikkvideoen til Take on me av A-ha får òg eit klapp på skuldra gjennom blandinga av teikneserie og realitet. Likevel har A Nightmare on Elm Street: The Dream Child ei uengasjerande historie. Filmen gjer for lite ut av kvart enkelt stadium og irriterer litt for mykje med karakterar som aldri lærer av feila sine. Han har også det svakaste Freddy-portrettet hittil i filmserien.
På Creeper’s Reviews from the Abyss (creepersreviews.blogspot.com) blir også den svake humoren eit problem. Skribenten meiner manuset ikkje eingong gir Robert Englund gode replikkar å arbeide med, og at den merkelege historia blir meir forvirrande enn spennande. Eg finn litt meir sjarm i kulissene og oppbygginga, men skjønar innvendinga. Når Freddy sjølv blir det svakaste portrettet hittil, hjelper det mindre at enkelte av bilda er artige.
