A Nightmare on Elm Street: The Dream Child - Filmdagbok

A Nightmare on Elm Street: The Dream Child 1989

Femte film i A Nightmare on Elm Street-franchisen. Alice frå den førre filmen, A Nightmare on Elm Street 4: The Dream Master, blir smelt på tjukka og gjennom den verste skremselspropagandaen mot tenåringsgraviditet og teikneserie (av alle ting) dukkar Freddy opp.

Tidlegare i serien har me fått vite litt om Amanda Kreuger, nonna som fødde Freddy. A Nightmare on Elm Street: The Dream Child går meir grafisk til verks og me blir vitne til at Freddy blir fødd på ny på same måte som hans ekte fødsel, gjennom draumane til det det ufødde barnet til Alice.

Det heng ikkje på greip, men på ein god måte. Starten av filmen er relativt god og hastar ikkje med eksponering av herjingane til Freddy. Gradvis blir me kjent med flate og usympatiske karakterar. Den anonyme Alice i fronten kjenner me litt frå før, ved siden av opptrappinga til den uunngåelege sluttmøtet. Folk vil dø undervegs, ingen vil tru på dei involverte, i blant kan eg ikkje unngå å bli irritert på dette, ettersom det har skjedd i kvar einaste film hittil.

Trass i ei nemneverdig oppbygging, billege kulisser som osar av sjarm, litt meir forseggjorte som trapperommet der opp og ned ikkje eksisterer (du veit, slike rom der alle går på kryss og tvers), pluss klapp på skuldra til Take on me-musikkvideoen til A-ha med blanding av teikneserie og realitet, A Nightmare on Elm Street: The Dream Child har ei uengasjerande historie, gjer for lite ut av kvart enkelt stadium, irriterer litt for mykje med karakterar som aldri lærer av feila sine og har det svakaste Freddy-portrett hittil i filmserien.