A Perfect Christmas List - Filmdagbok

A Perfect Christmas List 2014

Ei mor og ei vaksen dotter kjem ikkje heilt overeins. Bestemora i familien bestemmer seg for å ta ein ide frå ei bok den vaksne dotter har skrive, og lage ei liste med gjeremål som mor og dotter må gjennomføre i lag.

Den vaksne dottera, Sara, skriv populære barnebøker om ei lita mus. Og det er frå ei bok om musa si førjulstid at bestemora får ideen om å lage ei perfekt liste med gjeremål som er juleaktivitetar. I trua på at bestemora er i ferd med å døy, får mora Michelle med seg Sara til å gjere det som står på lista.

Aktivitetane inneber kakebaking, juletrehogst, med meir.

Kjerna til filmen er at jul gjerne handlar om familie. Familien i denne filmen har sklidd i frå kvarandre, og i løpet av 90 minuttar vitnar me at dei finn vegen tilbake til kvarandre. Det er med enkle metodar, og i ein film som ikkje stikk spesielt djupt i verken alvorlege tema eller som ikkje emnar å skape dei sterkaste kjenslene i meg.

Det er likevel ein kurant film med ei fin og samanhengane historie, litt humor og ein god raud tråd med eit positiv bodskap.