Hopp til hovedinnhold
Plakat for A Perfect Day (2006)

A Perfect Day

Film
3

A Perfect Day blei laga for tv-kanalen TNT i 2006. Rob Harlan (Rob Lowe) er ein mann som blir forfattar etter å ha mist jobben sin, og får oppleve stor suksess med si første bok.

Suksessen endrar livet til Rob. Han tar gradvis meir avstand til familien og har vanskeleg med å prioritere. Ein mystisk mann (Christopher Lloyd) følger etter han og stiller han ubehagelege, men viktige og kritiske spørsmål til kva han vil.

Det er ingen store overraskingar i A Perfect Day, men filmen har nokon utruleg flotte og rørande stunder, og ein solid gjeng skodespelarar som i tillegg til dei over inkluderer Paget Brewster.

David Nusair på Reel Film Reviews (reelfilm.com) blir også med på den første suksessen til hovudpersonen, men meiner det sentimentale etter kvart tek heilt over. Han rosar likevel Paget Brewster og Christopher Lloyd. Eg er meir mottakeleg for dei rørande stundene enn han er, men skjønar innvendinga. Filmen balanserer heile tida på kor mykje av det tydelege bodskapet skodespelarane klarer å gjere personleg.

I tråd med krava til å vere ein julefilm, er dette ein film som delvis går føre seg i oppkøyringa til jul. Ei høgtid der familie er viktig, og den dåverande plassen Rob er i livet blir ekstra tydeleg.

Dette er ein film som gir ei god kjensle, og som du kan sjå for å kose deg. Ikkje ein film du ser for å bli utfordra eller for å få noko nytt. Heller ikkje ein film du ser om du forventar det beste av det beste. Men ein trygg over middels film er det.